HOLMEN GARD INVITERAR DEG TIL FRESVIK

Ein perfekt stad for å finne roa, omringa av vakre landskap

Me ynskjer deg velkomen til opplevingar i Nærøyfjorden Verdensarvområde, der du kan bu i det nyrenoverte feriehuset på Holmen gard. Frå stoveglaset til feriehuset har du utsikt over Sognefjorden mot nord og skodar majestetiske Nonhaugen mot sør.

Du finn to innfallsportar inn i UNESCO området frå Fresvik. Søk freden i Fresvikfjella eller vi kan guide deg på ein langtur til Fresvikbreen, Nærøyfjordområdet sin einaste rettelege isbre. Du kan og finne fantastisk fjordutsikt og oppleve unike stemningar i furuskogen i Fresvikåsen, året gjennom.

Bestill overnatting her, med ein gong eller ta ein nærare titt på feriehuset på kva me har føre oss på Holmen. Du kan og bestille direkte . Me kan gje deg turtips, gje deg båtskyss, for eksempel til Flåm, om sommaren eller stille som guide både sommar og vinter. Om hausten er huset perfekt som base for hjortejakt.