Middels bratt fottur. Turen går frå parkeringsplassen i Skard og innover i fin lauv- og furuskog. Etter kvart vert stien brattare, og du får opp varmen før du når Trolsgjelholten, med ei trimkasse ved dei gamle murane frå ein støl, no inne i tettvakse ung furuskog. Men held du fram nokre meter til, og tek deg opp på den vesle ryggen i retning fjorden, vil du finne storslege fjordutsikt som gjer sveittedråpane i bakken vel verd.