Feriehuset

I Fresvik finn du to innfallsportar til verdsarvområdet Nærøyfjordområdet. Frå stoveglaset til feriehuset har du utsikt til Sognefjorden mot sør og til fjella i verdsarvområdet mot nord og aust.

Du finn alt du treng til kort eller langt opphald for grupper opp til 10 vaksne. Me byd deg:

1.etg: Lyst og moderne kjøken, stove med spisebord og salong, romsleg bad m dusj, soverom med dobbeltseng og eigen balkong, soverom med ei seng, romsleg entrè og stor veranda

Underetg: Stor gang, soverom 1: dobbeltseng, soverom 2: familiekøye for tre, soverom 3: dobbeltseng og barneseng for baby, kosekrok med lenestolar, bad m. dusj, vaskerom med vaskemaskin og fryseskap.

Du kjem til nyoppredde senger. Sengetøy og handdukar/dusjhandkle er inkludert i leigeprisen.

Kjøkkenet er fullt utstyrt, og har keramisk kokeplate, oppvaskmaskin og både steikeomn og mikrobølgeomn. Ute har de tilgang på hage, bålpanne for grilling og ute-lenestolar til alle.

Hundar er og velkomne.

Huset er tilgjengeleg gjennom Airbnb eller du kan bestille direkte

Klikk på eit av bileta for å forstørra og bla vidare