Bratt fottur. Gå den gamle vegen (sti) opp på Fresvikåsen frå bygda og opp til husmannsplassen Holten. Fra Øvstevegen like over Skau, går det av ein sti som svingar seg oppover den bratte lia. Du finn eit lite info-skilt ved startpunktet. Vel oppe finn du ei lita hytte i kanten av Holtabøen; den gamle slåtteenga som har vore hovudbøen til husmannsplassen. Om du vil kan du halde fram på merka stiar innover i Fresvikåsen, f.eks. til Mulakamben med sin fantastiske fjordutsikt.