Lasseløa

Lasseløa er under oppføring!

På murene etter den gamle løa i Lassetunet på Holmen, byggjer me no eit særeige lokale for selskap og arrangement.

På Holmen låg ei koseleg lita løe i det me kalla Lassetunet, etter Lasse, som var den siste som brukte ho. Løa hadde ein liten fjøs, låvegolv og eit stort ope rom til høy. Den sto unytta i årtier, og var dessverre i dårleg forfatning då me kjøpte garden. Golv var morkne og reisverket makkaspist. Me fann ut at me måtte rive det. Men murene var gode.

Arkitekt Gøran Johansson frå Aurland vitja oss før bygget vart reve. Ut frå bilete og mål på den gamle bygningen teikna han den nye Lasseløa, med mål om å ha med seg noko av preget frå opphavleg bygning inn i eit meir moderne bygg, der me vil sleppe inn meir dagslys og ikkje minst kunne sjå dei flotte omgjevnadane våre innanfrå.

Lasseløa har fått hems lik den gamle løa, med utsikt ned i hovudrommet. I nordenden av hovudrommet lager vi ei lita scene, der me vil ynskje musikarar velkomne til huskonsertar. Elles vert rommet utstyrt med langbord for selskap, bardisk for hyggelege kveldar med ope hus, og peis eller peisomn for varme på mørke haustkveldar eller grilling ein kjøleg sommarkveld.

Nett no vert villmarkspanel for veggane barka av. Både panelet og golvet er skore i tunet, på eiga sag, av tømmer frå eigen skog. Tro om det vert mogleg å høyre Fresvikåsen i gjenklangen frå golv og vegger? Me vil varsle når løa vert ferdig, håpar du kjem på besøk!