Opplevingstilbod
Bruk vårt guidetilbod eller bruk våre enkle tips til opplevingar i Fresvik. Om sommaren kan du rusle ned til «Strondi» og bade eller me kan by deg på ein båttur.
Dei små vegane i bygda er trygge og fine turvegar og i Storedalen og i Fresvikåsen finn du merkte turstiar for både enkle og meir krevjande turar. Både skogsturar og fjellturar i nærområdet kan by deg på fantastiske utsikter. Om hausten er lisidene fargesprakande og hjortejakta er det store høgdepunktet, og om vinteren ligg fjella og lokkar; me kan syne deg dei flottaste turane i trygge trasear.
Du kan og gjere små utfluktar med bil og finne flotte attraksjonar i kommunen. Vik har stor kulturhistorisk djupne, og ikkje mindre enn to mellomalderkyrkjer. Nedst på sida finn du lenker til informasjon om både Hopperstad Stavkyrkje, Hove steinkyrkje og gravhaugane «Moahaugane». Frå Moahaugane har du opne sikteliner til begge dei to mellomalderkyrkjene! Du kan vitje Vangsnes med den enorme statuen av Fridtjov den Frøkne eller ta ei utflukt på vakre Vikafjellet.
Båtskyss
Me tek deg inn Nærøyfjorden til Gudvangen eller til Flåm med open båt når været tillet.
Fjelltur med lokal guide
Vel mellom kjende turmål og skjulte perler.
Langtur til Fresvikbreen eller Nonhaugen
Skitur med lokal guide
Tematurar med guide
Kulturminne
Villrein
Landskap og botanikk
Hjortejakt
Opplev spennande hjortejakt i stupbratte lier eller i grovvaksen furuskog i Fresvikåsen, og nyt komforten i eit fullt utstyrt hus med to bad og både varmepumpe og vedomn.