Skard – Middagshaugen

Publisert: 10/05/2023

Lett fottur. Frå parkeringsplassen i Skard går du innover forbi Skardstjørni og føl merka sti mot Middagshaugen. Du vil finne variert skog, og større parti med gamal, eventyrleg furuskog. Turen vert lønna med flott utsikt over bygda, når du når trimposten på Middagshaugen. Du kan velgje å gå same veg tilbake eller gjere ein lengre rundtur om du held fram vidare langs merka sti.